Foto: Al-Taqi, Creatice Commons

Kvalitetssjokket

i februar 13 | i Utdanning | av | med No Comments

Eg fekk sjokk då eg starta på sosiologi ved UiO. Aldri hadde eg trudd eg skulle få oppleve eit så høgt nivå på forelesingane.

Korleis ein skal strukturera undervisningsopplegget er eit evig tilbakevendande tema ved høgare utdanningsinstitusjonar. Men det kan ikkje vere mange stader der det er meir diskusjon rundt dette enn på Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi (ISS) ved Universitetet i Oslo (UiO). I alle dei fire åra eg har studert her har dette blitt nokså heftig debattert i både formelle og uformelle settingar, og det verkar som om den «gjennomsnittlege» sosiologistudent er ganske negativ til store deler av undervisningsopplegget.

På mange måtar er dette veldig bra, fordi det vitnar om ein kritisk sans som er viktig for å lukkast som student. Og kanskje er dette spesielt viktig innanfor eit så mangfaldig og breitt fag som sosiologi. Dersom ein ikkje har evna til å vere kritisk vil ein risikera å drukna i alle dei forskjellege perspektiva, teoriane og emna som vert presentert i løpet av studieløpet. Men det å alltid vere kritisk har også ei bakside: ein vil ikkje ta inn over seg det som faktisk er bra. Og på Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi er det, etter mi meining, ganske mykje som er nettopp det.

Frå Stavanger til Oslo

Studiekarrieren min starta ved Universitetet i Stavanger (UiS), der eg hadde søkt meg inn på eit årsstudium i sosiologi. Som mange andre var eg frykteleg i tvil om kva eg skulle utdanna meg til, men med ei genuin samfunnsinteresse følte eg sosiologi kunne vera det rette valet for meg. Det viste seg å stemma veldig godt, og eg bestemde meg for å gå vidare med sosiologiutdanninga også etter årsstudiet. Men det var meir på tross av enn på grunn av undervisningsopplegget ved UiS at eg bestemde meg for å fortsetja med sosiologi. I fleire av faga var forelesingsrekka usamanhengande og seminartilbodet tynt, og kullet mitt vart regionkjendisar på grunn avrekordhøg strykprosent (61 prosent!) i det eine innføringsemnet. Spennande gjesteforelesingar var så godt som ikkje-eksisterande, og fleire av pensumbidraga var direkte dårlege. Eg må påpeika at det her er snakk om mine personlege erfaringar frå hausten 2007 og våren 2008. Sosiologistudiet er sannsynlegvis mykje betre ved UiS no i dag, etter at det vart oppretta eit bachelorstudium i sosiologi, i tillegg til årsstudiet.

Sidan det ikkje var noko vidare studium i sosiologi ved UiS hausten 2008 (og sjølv om UiS hadde hatt eit tilbod, ville eg mest sannsynleg ikkje vald det) måtte eg flytta for å fortsetja sosiologistudiekarrieren min. Valet falt ned på Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi (ISS) ved UiO, der eg blei møtt av innføringsemnet med emnekoden «SOS1000».

Kvalitetssjokk

Eg fekk sjokk. Først og fremst av det høge nivået på forelesingane, der Noregs fremste samfunnsvitarar snakka om somme av deira største forskingsinteresser. Det blir i utgangspunktet feil å nemna namn, men eg hugsar at spesielt Willy Pedersen, Jon Rogstad og Karin Widerberg imponerte meg stort. I tillegg verka pensum svært gjennomarbeida, med ein fin miks av norske og internasjonale bidrag frå det sosiologiske landskapet. Med eit mogleg unntak av innføringsboka til Macionis & Plummer, som aldri blei noko favoritt (og som ikkje lenger er på pensum..). For meg er det derfor heva over ein kvar tvil at undervisningsopplegget er viktig for korleis ein opplever eit studium. Ved UiS var undervisninga eit irritasjonsmoment, ved UiO ei inspirasjonskjelde.

Eit fagleg solid tilbod

Desse gode erfaringane førte til at eg vart utruleg motivert, og det støtta opp under min oppfatning av at sosiologi var «faget mitt». Og vidare i studieløpet har eg nesten utelukkande tatt spennande og godt strukturerte emne. Det skal nemnast at mine interesser i sosial ulikskap, utdanning og arbeid er kanskje spesielt godt dekka her ved ISS, og dette er nok ein viktig grunn til at eg er såpass fornøyd med emnetilbodet. Temamessig er det dårlegare stilt for studentar som til dømes er interessert i økonomisk sosiologi, miljø-, eller religionssosiologi.

Men også mange av dei obligatoriske emna har vore veldig gode. På bachelor er «SOS2001 – Moderne sosiologisk teori», entusiastisk leda av Gunnar C. Aakvaag, ein personleg favoritt. Og på master er «SOS4001 – Sosiologisk teori» kanskje det mest utfordrande og lærerike emnet eg nokon gong har tatt. Eg kunne sjølvsagt hosta opp fleire dømer på gode emne ved ISS (både obligatoriske og valfrie), men eg har verken plass eller krefter nok til å nemna alle. Og nettopp her er me inne på noko vesentleg: store deler av undervisningsopplegget er – mildt sagt – solid. Derfor synes eg ein god porsjon ros er meir enn fortent for ISS sin del.

Oppretthald fokus på forelesingane

Men det betyr ikkje nødvendigvis at ein kan kvila på laurbæra. Det er essensielt å fokusera på undervisningstilbodet også i tida framover. Forelesingane er på mange måtar sjølve grunnmuren, og det er her ein bør setja inn mest ressursar. Gode forelesingsrekker har potensialet til å vera fagleg utviklande og kan samstundes verka sterkt motiverande.

Mest av alt er dette kanskje spesielt viktig for bachelor-studentar som fortsatt er usikre på kva sosiologien har å tilby. Dersom studentane blir møtt av flinke forelesarar og interessant pensum frå første dag på Blindern, vil dette sannsynlegvis bidra til å vekka deira «sosiologiske fantasi». Derfor er det nødvendig at dei flinkaste og mest profilerte sosiologane fortsatt vert nytta – i så stor grad som mogleg – til å halde forelesingar i innføringsemna.

Pin It

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

« »

Scroll to top